Heilag sky 18. desember
- Mecky Wohlenberg
- for 14 timer siden
- 1 min lesing
Heilagt sky med minne- og merkedagar: 18. desember 2025 er det 100 år sidan Nynorsk salmebok vart autorisert i statsråd. Nynorsk salmebok var ei salmebok frå 1925 utarbeidd av sokneprest Anders Hovden og biskopane Bernt Støylen og Peter Hognestad. Boka vart mykje brukt i nynorske områda gjennom seksti år fram til den nye «Norsk salmebok» kom i 1985. «Norsk salmebok» frå 1985 har med salmar både på bokmål og nynorsk.
Fram til 1800-talet ble danske salmebøker nytta her i landet. 1870 vart «Landstads Kirkesalmebok» gitt ut, og i 1873 kom «Hauges salmebok», begge på norsk riksmål. I 1892 vart ei samling med 150 av Elias Blix sine salmar på landsmål offentleg godkjende for gudstenestebruk. Fedrelandssalmen «Gud signe vårt dyre fedreland» vart særleg populær i samband med unionsoppløysinga, og i åra etter 1905 vart Blix-salmane innførte som supplement i fleire og fleire sokn. «Landstads Kirkesalmebog» hadde etter kvart med «Blix-tillegget» bak i boka.
Frå 1921 til 1925 gjorde nemnda med Hovden, Støylen og Hognestad arbeidet med ei eiga nynorsk-salmebok. Biskop Støylen sin dotter Else gjorde mykje sekretærarbeid. Den nye salmeboka vart teken i bruk frå hausten 1925. I etterkrigstida var Nynorsk salmebok innført i ein knapp tredel av kyrkjesokna i Noreg.
Biletet frå commons.wikimedia.org viser domkyrkja i Kristiansand der Bernt Støylen var biskop i 1925 (foto Knut Arne Gjertsen CC-BY-SA 4.0; kjelder: E. Elseth i «Til paradis med sang» (1985); P. Halse i snl.no; S. Wenø Holter i «Kom, tilbe med fryd» (2022); Wikipedia).





Kommentarer