top of page
  • Kari Skarvang

Retreat på Holmely


Velkommen til Holmely

Retreat  07.-10.juni 2024

med dagsturar i storm og stilla

 

Om retreaten og oss…

Holmely omsorg og retreat – er Normisjon sin retreatplass i Nordfjord. Retreaten no i juni vil ha dagsturar i storm og stilla. Holmely har arrangert fleire retreatar gjennom åra, også med keltisk preg. Vi brukar salmen av Elias Blix «Gud signe vårt dyre fedreland» til å sjå på korleis Noreg har vore ein kristen nasjon i 1000 år, med påvirkning frå den keltiske tradisjonen.


Brit Lundby Hilde er retreatleiar, frivillig ressursperson for Holmely, bur iiInnvik i Stryn og har leia fleire keltiske retreatar. Frivillege frå styret mm vil hjelpe til under retreaten.

  

 

Ut på tur… Naturen kring Holmely inviterer til kvile og påfyll! Det er fine tur-moglegheiter i nærområdet! Vi ynskjer ein tur ut til kysten og ein opp i høgda. Turar i bøn og ettertanke. Ta med godt fottøy og kle for allslags ver, dagstursekk og gjerne termos til varm drikke (og gå-stavar). Det kan være klokt å ha reiseforsikring på plass før avreise.

 

Kva betyr retreat? Retreat handlar om å trekkje seg tilbake frå den vante kvardagen. Kanskje sette på pauseknappen? Sette av tid til Bibel og bøn, tid til stillheit og vandring med Gud. Kanskje slå av mobilen, stenge verda litt ute? På retreat er vi gjerne tause…; det betyr at du skal sleppe å prate med sidemannen om ver og vind, eller eigne eller andre sine prosessar, vere på fornamn. På retreat fyller vi ikkje dagane med mykje undervisning, men vi har små drypp gjennom dagen; med faste samlingar og bøn i kapellet. Det blir sett av tid til samtale med ein av leiarane, om det er ønskjeleg. Retreat er ikkje ein konkurranse om å vere stillast mogleg, eller å sjå mest mogleg åndeleg ut. Men å vere deg sjølv i eit fellesskap, utan så mykje prat. Vi set av tid til å lytte «innover» og «oppover» Jesus sa: «Kom avsides med meg og kvil dykk litt…» Det ønsker vi å leggje til rette for. Om det betyr å sove litt meir eller litt mindre, å gå på tur eller å drikke kaffi med sjøutsikt, vere åleine eller vere i eit fellesskap, eller det å få påfyll for sjela, kan vere ulikt. Gud veit kva vi treng. Han kjenner deg!

 

Ein retreatdag består av…

•                  Ei ramme med faste tidebønner i kapellet

•                  Bibel-meditasjon

•                  Måltid med instrumental-musikk

•                  Stille andakt i kapellet

•                  Kveldssamling med delestund

•                  Stille tid frå kveldsbønn til morgonbønn/ stille frukost

 

Kva er tidebønn?

Vi har faste samlingar i kapellet. Morgon – og kveld, og ofte ved middagstid. Det er bibelske salmar som utgjer sjølve hovudelementet i ei tidebønn, og skjer ofte i veksellesing. Dette er bønner som framleis vert bedne av millionar av kristne over heile verda. Vi blir med i ein kontinuerleg bønnestraum frå heile kyrkja til alle tider. Å be ut ferdig nedskrivne bønner; kan gi hjelp til ei kvilepuls i bønnelivet og å gå djupare i bønn.

 

Kva er bibelmeditasjon/Jesusmeditasjon?

Fleire trusvegar brukar begrepet meditasjon. Vi er ein kristen retreat-plass og bruker Bibel og bøn i ei fordjuping av ein bibeltekst/bibeltekstar. Vi trur at Bibelen er ei levande bok og at Gud er hos kvar den som søkjer Han. Vi ønskjer at Guds ord skal få fylle oss, og set derfor av god tid til denne forma for stille.

Når startar vi og når avsluttar vi?

Retreaten startar fredag kveld 7.juni med varm kveldsmat kl. 19 og avsluttar måndag etter lunsj ca. kl. 14. Det er høve å komme tidlegare på dag om det er enklast med tanke på reise. Det er berre å ta kontakt!

 

Kva kostar ein retreat?

Inkludert i pris er: Oppreidd seng, handkle, toalett/bad, full pensjon, arr.avgift.

3 døgn kostar kr 4350,-  I forkant til konto 3000 14 72204 eller kontant/kort på slutten av oppholdet. Vi ønskjer at den som treng å kome på retreat, ikkje skal hindrast av prisen, så ta kontakt

 

Påmelding/ spørsmål:

Påmeldingsfrist 1 veke før: (min 5 gjester). Bruk gjerne påmeldingslink heimesida www.holmely.no Holmevegen 26, 6711 Bryggja  e-post: holmely@normisjon.no Spørsmål kan rettast til Brit Lundby Hilde, epost brit.lundby.hilde@enivest.net eller på mobil 91109933




 


9 visninger
bottom of page