Hellig sky 26.november
Heilag sky 26. november: Anders Hovden var ein norsk prest og målmann og salmediktar.
Anders Hovden var fødd 6. april 1860 i Hovdebygda i Ørsta. Faren hans var småbrukar og fiskar. Havet, stormen, fiskaren og det karrige jordsmonnet vart viktige omgrep i Anders Hovden si dikting. Målsaka og fedrelandstanken stod også sterke i medvita hans. Dei var for han synlege prov på å halda det fjerde bodet. 15 år gamal byrja Anders på lærarskulen i Volda. To år seinare døydde faren hans. Ivar Aasen kosta utdanninga hans og vart som ein ny far for han. Anders Hovden var prest ulike stadar i Noreg i nesten 40 år. I 1891 gifta Hovden seg med Lina Marie Devold. Ho døydde berre fire år seinare. I 1897 gifta Hovden seg med Kari Huglen på hennar 18-års dag. Anders Hovden var ein kjend folketalar og diktar. Saman med Bernt Støylen og Peter Hognestad stod han bak «Nynorsk salmebok» som kom i 1925. Anders Hovden døydde den 26. november 1943 i Nordstrand i Aker (no Oslo). Året etter vart urna hans nedsett i grava til faren på Ørsta Kyrkjegard.
Bildet viser stammen til eika «Den gamle Mester» ved Krødsherad prestegard på Bjerkneset nær Olberg kyrkje. Eika er freda. Den vart restaurert for 100 år sidan i 1926. Anders Hovden budde frå 1902 til 1909 på prestegarden med utsyn over Krøderen. Her skreiv han ferdig teksten til «Fagert er landet» etter ein skitur langs Krøderen vinteren 1907: «Likjest vaart folk i mager jord skjelvande blomen paa bøen, stend utan livd i vind fraa nord tett innmed kanten av snøen» (foto Kristin E. Wohlenberg 4.8.2026; kjelder: H. Elstad og J.K. Engeset og H.H. Skei i snl.no; L. Haugen i salmebloggen.no; S. Wernø Holter i «Nytt Norsk Salmelexikon» (bind I 2011); hovdebygda.com; Wikipedia).





Kommentarer