top of page

Heilag sky 1.september

  • Mecky Wohlenberg
  • for 11 minutter siden
  • 2 min lesing

Heilag sky 1. september: Peter Hognestad var ein norsk salmediktar og biskop. Han omsette og gjendikta salmen «Fager kveldsol smiler».

I desse dagane minnest mange nordmenn møta sine med avdøde kong Harald. Våren 1997 var kongen på Stadhalvøya i samband med tusenårsmarkeringa for kristninga av Nordvestlandet. Året 997 samla Olav Tryggvason representantar for fire fylke ved ferdselsvegen over Dragseidet. Etter talen til kongen vart bondehæren døypt i bekken som renn ned mot nord. Sidan 1866 står Leikanger kyrkje på sletta der dåpsbekken frå Dragseidet bruser forbi. Salmen «Fager kveldsol smiler» har dei siste hundre åra mange gonger vorte sungne ved gravene på kyrkjegarden: «Berre bekken brusar frå det bratte fjell, høyr kor sterkt det susar i den stille kveld». Det var den seinare Bjørgvin-bispen Peter Hognestad som i 1904 omsette og gjendikta denne vakre kveldssalmen frå tysk. Peter Hansson Hognestad vart fødd 12. november 1866. Han var bondeson frå Time på Jæren. Same hausten vart gamlekyrkja frå Selje flytta rundt Stad og reist opp att på Leikanger. Hognestad studerte teologi i Oslo. Han ville sameina kristendom og kultur og formidla kristen tru for vanlege menneske. Difor nytta han nynorsk. Hognestad var lærar på Notodden private lærarskule og stiftskapellan i Kristiania. I 1908 vart han kalla til lærar i Det gamle testamentet ved Det teologisk Menighetsfakultetet. Han var den fyrste læraren der som nytta landsmål i undervisninga si. Hognestad var ein av dei fremste drivkreftene for å ta i bruk nynorsk i kyrkja. I 1916 vart han utnemnd til biskop i Bergen. Hognestad var ein avhalden biskop og ein ordkunstnar med ei livsnær forkynning. Han var djupt engasjert i den tidlege norske kristenhistoria. Fleire gong besøkte han Selje og Stad. Peter Hognestad døydde den 1. september 1931 i Bergen.

Biletet frå september 2001 syn kor dåpsbekken renn ned forbi Dragseidkrossen og Leikong kyrkje og ut i Vanylvsfjorden (foto MeckyW; kilder: V. L. Hånes i nbl.snl.no; «Lundes Sang&Salme Leksikon» (1997); V. Berland Øystese i «Nytt Norsk Salmeleksikon» (2011); Wikipedia).



Kommentarer


BLI VENN AV ANAMCARA?

Som venn av Anamcara får du nyheter og inspirasjon på e-post fra fellesskapet.

Velkommen!

KONTAKT

torbjorn.kloster@gmail.com
 

Leder: 

Kristin Wohlenberg, tlf. 906 58 617

 

Styre:

Glenn Austegard, tlf. 982 23743

Håkon Borgenvik,  tlf. 901 78 999

Torbjørn Kloster, tlf. 402 37 089 

Kari Skarvang, tlf. 416 33 056

bottom of page